logo_i_ver_og_vind.jpg

13.mai 07: Vellukka oppstartstur til gamma i skogen bak Klepp

gamme_i_skogen.jpg

Søndag 13.mai 07 var fyrste fellesturen for den nyoppstarta familiegruppa i Friluftsforeninga Volda. I eit flott vårver var over 50 små og store med til gamma i skogen bak Klepp. Gamma, bygd av studentar ved høgskulen, ligg ein halv times roleg tur frå bommen på Prestesætervegen, og er såleis eit høveleg turmål for små bein. Det var grilling og popcornlaging over ope bål då vi kom opp til gamma.


Bilete frå turen:

28.mai 2007: Tur til Høgetua

Utsikt over Hovdevatnet
<P>Utsikt over Hovdevatnet</P>

I strålande vér, la ca 40 stykker med smått og stort iveg til Høgetua.

Historie og notid

12. august 2007: Tur rundt Bjørdalsvatnet

Vi vart 20 stykker med smått og stort. Skodda låg tjukk i fjellet, men det var opphaldsver og fin temperatur i Bjørdalen.

Bilete frå turen:

20 stykker med smått og stort
<p>20 stykker med smått og stort</p>

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761