logo_i_ver_og_vind.jpg

Barneturlaget: Programmet for 2017 er klart!

160424_hjart_bygda_4.jpg

Mange kjekke opplevingar og mykje å glede seg til!
Info kjem på fb-sida og på heimesida før kvar aktivitet.
Sjå aktivitetsplanen under (pdf-fil)

2017_barneturlaget_aktivitetsplan.pdf

3.desember 2017: Nissetur til Heltnelihuken

nissefest_2.jpg

Veldig kjekk nissetur til Heltnelihuken. Og jammen kom ikkje nissemora også! Mange vart med på turen sjølv om veret var litt "rufsete". Kjekt!

21.oktober 2017: Reflekstur med barneturlaget

refleks.jpg

Heile 50-60 personar var med på turen frå uteamfiet i Ivar Aasen-tunet til Høgetua. Medan vi venta på mørket, leika vi og las bøker. Det vart også høgtlesing. Då mørket kom, vart det lyst etter refleks i skogen. Spanande!

23.-24. september 2017: Natt i naturen med barneturlaget

natt_i_naturen.jpg

Ein svært vellukka tur der det var overnatting i heile 12 telt! I tillegg var nokre også med laurdagskvelden og søndagen, sjølv om dei ikkje overnatta. Søndag kom Volda skulekorps og spelte. («Korps på friluftstur»). I fb-gruppa til barneturlaget kan du sjå bilete frå turen.

27.august 2017: Sykkeltur med barneturlaget

sykkel.jpg

Vi møttest på Årneset kl.11 og sykla langs Rotevatnet. Etterpå var det leik, hygge og grilling på Årneset. Det var flott ver og vi hadde ein kjekk søndag. Fire familiar var med; det er plass til mange fleire :)

Neste arr. er "Natt i naturen" 23.-24.september. Info kjem!
NB! Tek gjerne i mot tips til fine overnattingsplassar

28.mai 2017: Thereseråsa med barneturlaget

thereser_sa.jpg

Ein kjekk tur i flott ver. Therese har laga mange fine ting og malt på steinar som ligg eller heng i passelig avstand oppgjennom skogen. 

Skikveldar for dei minste på Volda skisenter fredagar kl.17-19

skidamer_3.jpg

Oppstart var fredag 13.januar og dette vart ein kjempesuksess! Det vart diverre ein dårleg snøvinter og dermed berre eit par fredagar. 

5.mars 2017: Tur med Barnas turlag (ÅST)

muletua.jpg

Turen går til Muletua i Kvalsvika. Oppstart kl.12.
Nytt høvet til ein flott tur på Ytre Søre Sunnmøre!

05.02.17 Kom-deg-ut-dagen

170205_prestes_tra_5.jpg

Barneturlaget arrangerte tur til Prestesætra. Sjå barneturlaget si fb-side
Sidan det ikkje var snø, vart det tur på beina. Turmålet var Prestesætra. Ein fantastisk flott dag med kjekke aktivitetar. Omlag 50 store og små var med. Supert at vi vart så mange.

15.01.2017: Aktivitetsdag med barneturlaget

aktivitetsdag_idretssbygget.jpg

Mange møtte opp og fekk nokre kjekke timar. Det kom kjempegode tilbakemeldingar frå deltakarane! Ei stor takk til Eli-Karin med studentmedhjelparar. Sjå også fb-sida.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761