logo_i_ver_og_vind.jpg

Barneturlaget sin aktivitetsplan for 2013

120930_eiksund__fj_retur456.jpg

Barneturlaget har sett opp ein spanande aktivitetsplan for 2013. Her er det mykje kjekt å vere med på!
Informasjon kjem når arrangementa blir annonserte.

2013_turplan_barneturlaget.pdf

7. desember 2013: Nissefest på Volda skisenter kl.17:00

nissefest.jpg

Årets nissefest var i den nye grindaløda på Volda skisenter. Det blei ein svært vellukka kveld! Sjå barneturlaget si fb-side. Her ligg det bilete frå arrangementet

3. november 2013: Reflekstur til Høgetua med barneturlaget kl.16

refleks.jpg

Turen starta ved Ivar Aasen tunet i Hovdebygda og gjekk vidare opp til Høgetua medan det endå var litt lyst ute. 

29.september 2013: Tur til Osdalsætra med barneturlaget

130929_barneturlaget.jpg

Turen starta ved Tussa sitt lager øvst i Rystefeltet klokka 11.00.

Vi stoppa ved steinselet og åt nista vår:) 11sprekingar trossa regnet og vi hadde ikkje komt langt opp i råsa før det slutta å regne. Vi hadde ein fin tur!

 

1. september 2013: Rotevassætra med barneturlaget

rotevass_tra.jpg

Mange vart med på tur til Rotevassetra til tross for ein våt søndag. Men ut på tur, aldri sur! Vikebygda sanitetslag selde rjomegraut og saft på sætra denne dagen. 

25. august 2013: Rotsethornet med barneturlaget

imag0827.jpg

Turen starta kl.11:00 frå parkeringsplassen ved tunnellopninga (Rotsethorntunnellen). 42 store og små klivra seg opp på Rotsethornet på ein nydelig søndag! Sjå bilde på Fb. Turen gjekk ned att Lisjedalen.

16. juni 2013: Tur til gamma med barneturlaget

Sida båtturen desverre blei avlyst no i juni må vi finne en annen dato på den turen. Junituren vil difor gå opp til jordgamma på Engeset der barna kan få sjå på dette flotte byggverket i skogen. Bur det nokon her??? :)

Oppmøte blir ved bommen ovanfor Solhøgda. Viss du ikkje veit kvar det er, kan du google Solhøgda eller ringe 41502656

FOR DEI SOM ER MED I TURORIENTERINGA er der en post ved jordgamma og du kan samtidig ta posten ved steinhusa, og om du vil kan du ta grindløda på Engeset på veg heim :)

26. mai 2013: Elvadalen-Årneset med barneturlaget kl.11:00

elvadalen.jpg

VI GJENTAR SUKSESSEN FRÅ I FJOR! Dette var vår alle første tur i barneturlaget og vi var kjempespente på om i det heile tatt kom nokon. Vi talte 120 personar ved start! imponerande :) Og det vart suksess i år også. Til tross for stor barnefotballturnering, var det omlag 70 personar som var med!

Barneturlaget 17.mars 2013: Klatring i siloen i Volda kl.12-15

klatring.jpg

Ein super dag i klatresiloen!! Det var 30 barn frå 2,5 år og opp i tenåra som kosa seg. Takk for fint frammøte. Vi ser allereide fram mot neste tur i lag:)

3.februar 2013: Vellukka aktivitetsdag på Volda skisenter

skileik_5.jpg

Endeleg kom snøen og Barneturlaget kunne gjennomføre skileikarrangementet på Volda skisenter. Eit kjekt og svært vellukka arrangement. 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761