logo_i_ver_og_vind.jpg

11. desember 2012: Nissefest på Reset (Volda skisenter)

imag1146.jpg

Barneturlaget avslutta turåret 2012 med å arrangere nissefest. Nissefesten starta med litt mat til svoltne magar. Det var gratis pølse m/brød, peparkaker og gløgg takka vere stor givarglede hjå næringslivet! 

Dette var eit flott arrangement og svært mange tok turen, så dette var særs vellukka. Veret spelte på lag: fin vintertemperatur og eit lite lag med snø gjorde at det var ingen problem med å finne julestemninga.

 

4. november 2012: Reflekstur ved Hovdeåsen

Bli med og lys etter refleks
Bli med og lys etter refleks

Kjekt og vellukka arrangement med godt oppmøte! Bilde og kommentarar finn du på facebook-sida til barneturlaget.

30.september 2012: Fjøretur ved Eiksund med barneturlaget

120930_eiksund__fj_retur.jpg

Hausten er ei fin tid å leike i fjøra. Omlag 50 personar var med på turen. Det var mykje spanande å sjå for ein pappa dykka og fann krabber, kråkebollar, skjell og mykje anna:) I tillegg var det bålbrenning og grilling. Ein superfin søndag!


Fleire bilde på facebook

Barnas turlag: Tur til Honndalsvatnet (Volda) 26.august 2012

honndalsvatnet.jpg

Parkering ved golfbana ved Rotevatnet. Vi startar å gå kl 11:00.

Turen går delvis på god og dårleg skogsveg. Fin familietur. Ved Honndalsvatnet er det flott enten det er fint eller dårleg ver. Når det er regn/skodde er det ei trolsk stemning her, så ingen grunn til å sitte heime :)
NB! Ein kan ikkje nytte barnevogn heile vegen.

Barnas turlag: Tur til Vallasetra (Ørsta) 24. juni 2012

Fin kvileplass:)
Fin kvileplass:)

Til tross for at nokre har starta på ferie, var det med ein bra gjeng denne gongen også:)

Barnas turlag: Tur til Ullalandsstøylen i Aldalen 27.mai 2012

ullanadsst_ylen.jpg

86 frammøtte på tur med Barnas Turlag Volda/Ørsta:-)
Bilete finn de på facebooksida

Barnas turlag: Elvadalen - Årneset søndag 29.april 2012

elvadalen.jpg

Turen gjekk opp Elvadalen til Årneset i strålande ver. På Årneset var det grilling og ulike aktivitetar, og nokre starta badesesongen, ufrivillig;)

Omlag 100 små og store deltok!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761