Mandagstur 28.juni 2010: Storetuva-Sætretinden-Folkestadsetra

Sjå fleire bilete under Aktivitetar-Mandagsturar-2010

Endeleg kom ein mandagskveld med flott sommartemperatur. Det var likevel spanande korleis veret ville bli, for det var meldt regn og det såg truande ut.

Men kvelden blei strålande. Flugene plaga oss heller ikkje for det var ein behageleg vind som heldt dei på passe avstand. Turen opp frå Flote til Storetuva går i eit litt tungt terreng, men kva gjer vel det når utsikta er så flott! Vel oppe, tok vi ei lita pause. På denne turen kunne vi ikkje sitte for lenge på toppen, for det var endå eit stykke att å gå. Men det vart likevel tid til både kaffi, sjokolade, matpakke og innskriving i manntalet. Frå Storetuva går turen i forholdsvis lett terreng bakover på toppane/ryggen rundt Litledalen heilt ut til Sætrehornet. I dette turområdet byr naturen på flott utsikt; avrunda kollar, vasspøytar og bratte "flog". Frå Sætrehornet gjekk vi ned til elva frå Litledalen og fulgte sti langs elva og ned til Folkestadsætra. Starten på stien er godt merka med ein kvit stein oppå ein liten varde. Litt bratt å gå ned, men stien var god å gå på så det gjekk fint, men baud sjølvsagt på utfordringar for lår og kne:). Vel nede var vi samde om at dette var ein strålande flott tur på ein flott sommarkveld. Eit kraftig regnskyll med somarregn på veg nedover mot bilane gjorde ingenting.

Nokre turfakta:
Gjennomsnittsalder på tetgruppa: 65 år
Tida turen tok: 4t 44 min - inkl.20 min pause
Antal deltakarar: 10 -> 8 fjellgeiter og 2 fjellbukkar