Hausttur 2010: 28.-29.august
DRONNINGRUTA GJENNOM SUNNMØRSALPANE!
Laurdag: Dronningruta (Urke-Gulmorbreen-Velledalen)
Søndag: Habostaddalen-Patchellhytta-Urke
Ein forventningsfull og spent gjeng møttest ved Høgskulen laurdags morgon. Både yr.no, pent.no og storm.no hadde blitt studert flittig siste dagane. Det var varsla litt regn på laurdagen og opplett og til og med sol søndagen.
Vi lasta koffertar og sekkar inn i minibussen og med Eldar som stødig sjåfør opp grusvegen til det nye kraftverket, hadde vi avgang frå Urkedalen ca. kl.10. Ein majestetisk natur møter oss og veret er på vår side. Vi går først opp til Langseterdalen, passerer ein flymotor frå eit fly som styrta under krigen, vidare opp til Langesætra og opp på neste høgde før vi har første rast. Det er overskya, men god sikt. Vidare går vi oppover mot Gullmorbreen. Den har trekt seg kraftig tilbake siste åra og vi må forsere ein litt bratt bakke med litt laus grus før vi er oppe på høgste punktet. Det går greit for alle. Også ved Gullmordalsvatnet har breen trekt seg godt tilbake og det har vore naudsynt å legge om råsa. Før vi tek til på nedstiginga av Gulmorbrekka tek vi ei rast nr. 2 og her kjem Eldar oss i møte. Han har kjørt minibussen til Velledalen. Det har vore godt ver heile vegen og vi har virkelig fått nytt eit vakkert utsyn. Like før Vellesetra får vi litt regn, men ikkje meir enn at det ikkje heftar.
Alle var sværtnøgde med ein flott turdag. Kvelden på hotellet blei rolig. Nokre tok seg eit bad før middag medan andre bere slappa av. Middagen vi fekk smakte godt.
Søndag kom vi oss avgårde forholdsvis tidlig. Nok ein gong kjørte Eldar oss til startpunktet; denne gongen Liastera ved inngangen til Liadalen og Habostaddalen. Også her er det mykje fin natur. Ei flott elv som snor seg oppover dalen. Vi gjekk bokstaveleg talt midt mellom Sunnmørsalpane. På Patchellhytta tok vi dagens rast og vi fekk også sett litt av påbygget som er klart til opning neste sesong. Mange tok turen til Slogen denne dagen, men det gjorde ikkje vi. Vi gjekk vidare nedover dalen mot Urke. Sola kom meir og meir fram og det er fantastiks å gå slik å sjå dei flotte Hjørundfjordfjella. Kart vart studert flittig for å finne ut kva toppar vi såg.
Ein svært velluka turhelg. Vi vil rette ei stor takk til Eldar som var sjåfør og gjorde de mulig å gjennomføre ein slik tur. Tusen Takk!